Ein ny dag full av musikk og dans
To innhaldsrike festivaldagar er alt gjennomførte, men det er framleis mykje å glede seg til på Landsfestivalen i Vågå! 

Fredag er dagen med fokus på lagspel og lagdans. Frå klokka 09.30 skal spelemannslag frå store delar av landet fylle scena i Vågåhallen med fele, hardingfele, durspel og trekkspel. Om kvelden får vi endeleg oppleve storkonserten «Heilt øre» før finalistane i tre ulike klassar skal kjempe om dei øvste plasseringane. 

Vi vonar alle kosar seg i festivalbygda Vågå!
Det er mange trivelege serveringsstader og butikkar i Vågå sentrum og vi vonar de stikk innom og testar ut nokre av Vågå sine spesialitetar. Det vert og musikk fleire stader i sentrum i dag på fredag, og kvifor ikkje ta litt spontan buskspel på eit hjørne? Vi har og god mat og servering.på festivalarenaen og det er gratis inngang i og ved matteltet for alle fram til kl 19.00 kvar kveld. Stikk innom og kjenn på litt av festivalstemninga!

Det var tre solofinalar torsdag kveld
Torsdag vart ein lang og innhaldsrik tevlingsdag med solo durspel senior, solo fele og hardingfele senior, solo trekkspel senior og pardans senior.

Torsdag kveld var det altså finalespel i tre soloklassar, desse deltok i finalane i dei tre klassane. 

Durspel senior:

  1. Rikke van Ommeren
  2. Even Offerdal Bakken
  3. Jørn Kjetil Solbakken
  4. Silja Lid Strysse
  5. Simen Fjeldberg Håland

Fele og hardingfele senior:

  1. Britt Elise Skram 
  2. Marius Westling 
  3. Ole Erik Feragen 
  4. Hans Sandum 
  5. Leif Inge Schjølberg

Trekkspel senior:

  1. Emil Horstad
  2. Vegard Hansen
  3. Thomas Nilssen
  4. Mads Erik Odde
  5. Terje Rusten

Finalistane fekk ei ny moglegheit til å vise seg fram for dommarane og eit stort publikum i Vågåhallen. Kven som tek dei tre øvste plassane i klassane, blir ikkje avslørt før under Meisterkonserten sundag.

Det var og tevling i klassa pardans senior torsdag, men kven som skal danse finala, som er fredag kveld finn vi først ut i morgon føremiddag. 

Tevlingane fredag

Lagspel fele og hardingfele
Tevlingane fredag startar klokka 09.30 med lagspel fele og hardingfele i Vågåhallen.

Lagspel handlar om mykje meir enn å spele ein leik, her er samspelet, rytmen, uttrykket og evna til å skape god dansemusikk sentralt. Publikum er som vanleg velkomne ut på dansegolvet, så det er fullt mogleg å starte fredagen med ein dans alt frå fyrste startnummer. Dei beste laga går vidare til finalen fredag kveld. 

Lagspel durspel og trekkspel
Klokka 14.30 held tevlingsprogrammet fram med klassa for lagspel durspel og trekkspel.

Her får publikum høyre i alt 23 torader- og trekkspellag. Laga kjem frå ulike delar av landet og representerer eit stort mangfald av lokale repertoar, spelestilar og tradisjonar. Også i denne klassa er dansegolvet ope for publikum. Dei beste laga får plass i kveldens finale.

Songleik for dei yngste i Ullinsvin
Fredag klokka 12.00 inviterer Lina Brenden og Iselin Aukrust på nytt til songleik og dans i idylliske Ullinsvin prestegard. Det var svært godt oppmøte i går, så vi vonar mange tek turen i dag og! Tilbodet er ope for alle born. Her får ungane lære lokale songstubbar, gammaldans og songleikar som er tilrettelagde for born.

Det er gratis å delta, og det er inga påmelding. Her er det berre å møte opp!

Landsfestivalen juniorspelemannslag
Fredag blir det òg meir aktivitet for Landsfestivalen juniorspelemannslag. Klokka 14.00 er det fellesøving med oppmøte ved ungdomsteltet ved matteltet. Born og unge frå ulike lag og delar av landet får spele saman under leiing av Øyvind Sandum. Seinare på ettermiddagen skal juniorspelemannslaget spele til dans i matteltet. Her får dei unge musikarane prøve seg framfor publikum og dansarar og vise fram noko av det dei har øvd på gjennom festivalen. Fleire av dei yngste skal òg medverke under storkonserten i Vågåhallen fredag kveld.

Gratis dansekurs i matteltet
Klokka 16.00 blir det gratis dansekurs i matteltet. Kurset har ekstra fokus på born og unge, men alle som har lyst til å prøve seg på dansegolvet, er velkomne. Det krevst ingen forkunnskapar, og du treng heller ikkje å ha med deg ein dansepartnar. Kanskje blir dette fyrste gongen du prøver gammaldans, eller kanskje du berre vil lære nokre nye steg før kveldens dansespel? Det er gratis å vere med, og det er inga påmelding.

Skultbakkalaget lanserer plata «Læt te dans»
Klokka 18.00 inviterer Skultbakkalaget til plateslepp i matteltet. Tradisjonsmusikken frå Ottadalen og Gudbrandsdalen har vore hovudfokuset til gruppa sidan oppstarten i 2012. Det gamle durspelrepertoaret står sentralt, og laget har særleg arbeidd med musikken etter Ola Kampen. Skultbakkalaget består av Jørn Kjetil Solbakken på durspel, Rikard Odnes og Jon Sverre Sætrom Thoresen på trekkspel, Aleksander Ødegård på gitar og Simen Midtli Grindstuen på kontrabass. Den nye plata har fått namnet «Læt te dans» og blir gjeven ut på plateselskapet Melovitten. Under platesleppet får publikum høyre musikk frå plata, og sjølvsagt blir det mogleg å danse!

Storkonserten «Heilt øre!»
Klokka 19.00 er det klart for ei av dei store satsingane under årets Landsfestival: Storkonserten «Heilt øre! - ein gammaldansfantasi» i Vågåhallen. Vegar Vårdal og Mette Vårdal står i spissen for framsyninga, saman med eit stort lag av lokale aktørar, profesjonelle musikarar, ungdommar og born. Konserten fantaserer rundt kva gammaldansen har vore, kva han er i dag, og kva han kan bli i framtida. Publikum får oppleve både kjende slåttar og ny musikk, solistar og fullt ensemble, rolege og vakre parti, og musikk med skikkeleg trøkk. På scena står mellom andre Vegar Vårdal, Ragna Valde Sletten, Bjørn Kåre Odde, Inge Gjevre, Vegard Hansen og Martin Steinum Brun. I tillegg medverkar Vågå trekkspelklubb, Skultbakkalaget, Gudbrandsdalen hardingfelelag, elevar frå Vågå kulturskule og fleire av dei unge musikarane på festivalen. Her får du kjøpt det billett til konserten

Målet er enkelt: Publikum skal bli heilt øre av begeistring!

Tre finalar fredag kveld
Når storkonserten er ferdig, blir scena gjort klar for tre nye finalar i Vågåhallen.

Klokka 20.30 startar finalane i:

  • Pardans senior
  • Lagspel fele og hardingfele
  • Lagspel durspel og trekkspel

Finalistane i pardans senior er klare etter tevlinga torsdag. Kven som går vidare i dei to lagspelklassane, blir avgjort gjennom tevlingane fredag. I pardansfinalen er det finalistane som har dansegolvet for seg sjølve. Under finalane i lagspel kan publikum igjen fylle golvet og danse til nokre av dei beste spelemannslaga i landet.

Sjølv om finalane blir gjennomførte fredag kveld, får vi ikkje vite kven som tek dei tre øvste plassane før på Meisterkonserten sundag.

Dans frå ettermiddag til langt på natt
Det blir dans på fleire arenaer gjennom heile fredagen. I matteltet startar dansespelet klokka 15.30. Deretter blir det dansekurs, juniorspel, plateslepp og ei lang rekkje lag og grupper utover kvelden og natta. I kulturhuset startar dansespelet klokka 19.00 og held fram til langt på natt.

I Vågåhallen blir det finalar og dans frå klokka 20.30. Når finalespelet er ferdig, held dansen fram utover natta.

Det blir med andre ord gode moglegheiter for å få brukt danseskoa frå tidleg morgon til langt på natt!

Dette skjer fredag

Kl. 09.30: Lagspel fele og hardingfele – Vågåhallen
Kl. 12.00: Songleik og dans med Lina og Iselin – Ullinsvin prestegard
Kl. 14.00: Øving med Landsfestivalen juniorspelemannslag – ungdomsteltet
Kl. 14.30: Lagspel durspel og trekkspel – Vågåhallen
Kl. 15.30: Dansespelet startar – matteltet
Kl. 16.00: Gratis dansekurs med ekstra fokus på born og unge – matteltet
Kl. 18.00: Plateslepp med Skultbakkalaget – matteltet
Kl. 19.00: Storkonserten «Heilt øre! – ein gammaldansfantasi» – Vågåhallen
Kl. 19.00: Dansespelet startar – kulturhuset
Kl. 20.30: Finalar i pardans senior, lagspel fele og hardingfele og lagspel durspel og trekkspel – Vågåhallen

Fredag blir ein dag fylt med store spelemannslag, unge utøvarar, plateslepp, storkonsert, finalar og dans på fleire golv.

Velkomen til ein ny innhaldsrik festivaldag i Vågå!