Dette er informasjon til deg som har tinga campingplass på Landsfestivalen.

NB! Les om innkjøring og registrering i god tid før du kjem til festivalen!
Vegen er stengt ved festivalarenaen. 

Opningstid på festivalcampingen
Festivalcampingen opnar tysdag kl. 10.00 og stenger sundag kl. 16.00. 

Ankomst og registrering
Under Landsfestivalen er vegen gjennom Vågå stengt for gjennomkjøring. Det er difor viktig å kjøre inn til Vågåmo sentrum i den vestlege rundkjøringa (ved YX). 

Plassar for campingvogn og bubil
Ved ankomst Vågå køyrer de rett til festivalcampingen. Det er ikkje plass til registrering for campinggjester ved stemnekontoret, så ikkje køyr dit med campingvogn/bubil. På festivalcampingen blir du møtt av ein campingvert som registrerar deg og viser deg rett plass.

Parkering 
Det er tillate med éin bil per campingplass. 

Tryggleik 

  • Avstand mellom einingar skal vere minimum 4 meter.
  • Rett deg etter beskjedar du får ved registrering
  • Det er ikkje lov med fleire bueiningar per plass. 
  • Open eld og grilling er ikkje tillate. 
  • Sjekk at brannslokkingsutstyr, gassvarslarar og røykvarslara er i orden før du kjem. (kontroll ved innsjekk eller ved stikk-prøver). 
  • Ingen bilar som ikkje er tilknytt ein campingplass har adgang på området. 
  • Det er mogleg å ha ein bil parkert per plass. 

Straum
Straum er tilgjengeleg og inkludert i prisen for campingvogn og bubil- plassane. 
Alle pliktar å nytte godkjent utstyr, arrangøren tek ikkje ansvar for skade på utstyr som følgje av feil bruk eller overbelastning. 

Dusj
Dusj er i Vågåhallen 
Opningstider: 
Onsdag - laurdag: kl. 07.00 - 21.00
Sundag: 08.00 - 11.00

Vatn og toalett
Vatn og toalett er tilgjengeleg på festivalcampingen 

NB! Det er eigne tømmestasjonar for camping-septik, vanlege toalett skal ikkje nyttast til dette

Kontaktperson overnatting: 
Geir Stadeløkken
geir@landsfestivalen.no 
Tlf 916 09 109

Velkommen som gjest på Landsfestivalen!

NB! Kjem du køyrande til Vågå frå Otta kanten så ikkje kjøyr inn i sentrum i første rundkjøringa men fortsett til rundkjøringa ved YX. Vegen gjennom Vågå sentrum er stengt ved festivalarenaen. 

Kjøre til festivalcampingen

Her er ser du kvar du skal køyre om du kjem frå Otta-kanten (til høgre på bildet) og frå Loms-kanten (til venstre på bildet). Vegen er stengt ved arenaen så ein kan ikkje køyre gjennom sentrum. 

 

Her er retningslinjer og reglar som du godkjente da du bestilte deg plassen