Informasjon til deg som har tinga overnatting på klasserom på Landsfestivalen 2026

NB! Det er viktig at du les informasjon om kvar du skal køyre og kvar du skal registrere deg i god tid før du kjem til festivalen. Vegen er stengt ved festivalarenaen. 

Klasseromma er på Vågåmo skule
Adresse: Moavegen 32, 2680 Vågå
Det er gang-avstand til festivalområdet og sentrum. 

Opningstider for klasseromma
Klasseromma er opne frå tysdag kl 10.00 til sundag kl 16.00 i festivalveka. 

Ankomst / innkjøring til festivalområdet
Under Landsfestivalen er vegen gjennom Vågå stengt for gjennomkjøring. Det er difor viktig å kjøre inn til Vågåmo sentrum i den vestlege rundkjøringa (ved YX). Følg skilting til stemnekontoret. 

Registrering
Alle må innom stemnekontoret for å registrere seg og få tildelt kva rom ein skal bu på. 
Alle må regne med å dele rom med andre, fleire “grupper” kan vere plasserte saman. 

Berre personar som har tinga overnatting og står på klasseroms-listene kan opphalde seg i klasseromma etter kl. 23.00, dette på grunn av brannreglar og sikkerheit.

Dusj og toalett
Dusj er i Vågåhallen 
Opningstider: 
Onsdag - laurdag: kl. 07.00 - 21.00
Sundag: 08.00 - 11.00
Toalett er det inne på skulen. 

Parkering
Parkering skjer på eigne plassar i nærleiken. 
Det er gangavstand til festivalområdet og sentrum. 

Matlaging/kjøkken
Det er ikkje høve til å kokke/lage seg mat på klasseromma eller andre stader på skulen. 

Born og ansvar 
For born under 12 år skal det vere minst éin ansvarleg vaksen per fem born.Den vaksne må vere registrert på same bestilling og ha ansvar for borna under opphaldet. 

Ordensreglar

  • Røyking og open eld er ikkje tillate
  • Det skal vere ro i klasseromma etter kl. 23.00 
  • Vis hensyn til dei du deler rom med
  • Hald det ryddig og reint på «din» plass og på fellesområdet
  • Kun personar som har bestilt klasseromsovernatting kan opphalde seg her etter kl 23.00 

Nattevakt
Det blir nattevakt inne på Vågåmo skule. 

Kontaktperson for overnatting i klasserom
Geir Stadeløkken
geir@landsfestivalen.no 
Tlf 916 09 109

Velkommen som gjest på Landsfestivalen! 
 

NB! Du må køyre inn til stemnekontoret gjennom rundkøyringa ved YX. 
Vegen er stengt gjennom sentrum ved festivalarenaen. Kjem du frå Otta-kanten skal du ikkje køyre til Vågå sentrum i den første rundkøyringa men køyre viare til YX. 

Du registrerar deg for klasseromsplassen din på stemnekontoret. 

klasserom og telt - kvar køyrer du

Her er ser du kvar du skal køyre om du kjem frå Otta-kanten (til høgre på bildet) og frå Loms-kanten (til venstre på bildet). Vegen er stengt ved arenaen så ein kan ikkje køyre gjennom sentrum. 

Her finn du retningslinjer og vilkår som du godkjente da du bestilte plassen