Informasjon til deg som har tinga overnatting på teltcampingen

NB! Det er viktig at å les informasjon om innkjøring til teltplassane og registrering i god tid før du kjem til festivalen. Vegen er stengt ved festivalarenaen. 

Teltplassane er ved Vågåmo skule. 
Adresse: Moavegen 32, 2680 Vågå
Det er gang-avstand til festivalområdet og sentrum. 

Opningstider for teltplassane
Teltplassane er opne frå tysdag kl 10.00 til sundag kl 16.00 i festivalveka. 

Ankomst / innkjøring til festivalområdet
Under Landsfestivalen er vegen gjennom Vågå stengt for gjennomkjøring. Det er difor viktig å kjøre inn til Vågåmo sentrum i den vestlege rundkjøringa (ved YX). Følg skilting til stemnekontoret. 

Registrering
Alle må innom stemnekontoret for å registrere seg og få tilvist teltplass. 

Dusj og toalett
Dusj er i Vågåhallen 
Opningstider: 
Onsdag - laurdag: kl. 07.00 - 21.00
Sundag: 08.00 - 11.00

Toalett er det inne på skulen. 

Parkering
Parkering skjer på eigne plassar i nærleiken. 
Det er gangavstand til festivalområdet og sentrum. 

Grilling/open eld
Det er ikkje høve til å grille eller bruke open eld på teltplassane. 

Nattevakt
Det blir nattevakt inne på Vågåmo skule. 

Kontaktperson for overnatting
Geir Stadeløkken
geir@landsfestivalen.no 
Tlf 916 09 109

Velkommen som gjest på Landsfestivalen! 
 

NB! Du må køyre inn til stemnekontoret gjennom rundkøyringa ved YX. 
Vegen er stengt gjennom sentrum ved festivalarenaen. Kjem du frå Otta-kanten skal du ikkje køyre til Vågå sentrum i den første rundkøyringa men køyre viare til YX. 

Du registrerar deg for teltplassen din på stemnekontoret. 

klasserom og telt - kvar køyrer du

Her er ser du kvar du skal køyre om du kjem frå Otta-kanten (til høgre på bildet) og frå Loms-kanten (til venstre på bildet). Vegen er stengt ved arenaen så ein kan ikkje køyre gjennom sentrum. 

Her finn du retningslinjer og vilkår som du godkjente da du bestilte plassen