Om overnattingsstaden
Gjermundes vidaregåande skule ligg i naturskjønne omgivnadar, om lag 6 km frå hovudarenaen. Landsfestivalen får disponere skulen sitt internat med 60 rom. Landsfestivalen vil sette opp skyttelbuss som går innom Gjermundnes til oppsette/kommuniserte tider. 


Tre ulike typar rom
Alle internatromma har seng (75x200 cm), skrivebord, stol, klesskåp. 
Leigetakarane må sjølv ta med dyne/pute, sengtøy og handklær.

Enkeltrom u/dusj - 50 rom
Ei seng på rommet
Plass til ekstra golvmadrass. Utstyr til dette må ordnast av leigetakar
To rom deler toalett
Ti rom deler dusj
Tilgang til tekjøkken
Pris for overnatting fra 31. juli til 4. august er 2000 kr per rom. 

Tomannsrom m/dusj - 4 rom
Ei seng på rommet
Sovesofa med plass til ein person
Eige bad med toalett og dusj
Tilgang til kjøkken og opphaldsrom
Prisen for overnatting fra 31. juli til 4. august er 3000 kr per rom.

Tremannsrom m/dusj - 6 rom
To senger på rommet
Sovesofa med plass til ein person
Eige bad med toalett og dusj
Tilgang til kjøkken og opphaldsrom
Prisen for overnatting fra 31. juli til 4. august er 3000 kr per rom.

Måltid:
Ingen måltid inkludert, men alle leigetakarar har tilgang til tekjøkken/kjøkken. 
Det er svært begrensa moglegheit til å lage seg anna mat på internatet. 

Vasking: 
Vasking etter endt leige er inkludert i prisen.
Leigetakarar har tilgang til vaskerom.

Parkering: 
God plass til parkering

Leigetakar plikter:

  • Hald orden på rom og fellesareal. 
  • Meld frå til Landsfestivalen dersom ein skulle vere uheldig å ødelegge noko. 
  • Vis omsyn til andre. Sjå oppslag om stilletid.
  • Det er ikkje tillatte med dyr eller røyking inne i lokala. 
  • Kontaktinformasjon for alle overnattande må meldast inn til Landsfestivalen ved booking.

Vakt: 
Det blir nattevakt på staden og tilgjengeleg vakttelefon på dagtid.

Shuttelbuss til arenaen: 
Landsfestivalen sett opp shuttelbuss som går innom Gjermundnes til oppsette/kommuniserte tider. 

Adresse: 
Gjermundnesvegen 200, 6392 Gjermundnes

Ved ankomst: 
Tilreisande sjekkar inn på stemnekontoret på Landsfestivalen for registrering og for informasjon. 
Følg skilting til innsjekk ved ankomst Vestnes, eller sjå kartet som de finn her


Her kan du lese kjøpsvilkåra for Landsfestivalen 2024


1 billett = 1 rom
Prisen gjeld for overnatting heile perioda frå 31. juli til 4. august
Bestiller du fleire rom i ei bestilling så må du oppgje kontaktinformasjon til alle. 
 

Måndag 2024-04-29