Om overnattingsstaden:
Vestnes ressurssenter ligg 400 meter frå hovudarenaen Vestneshallen. 
Lokala er til vanleg brukt av flyktningetenesta, vaksenopplæringa og ppt. 

Om romma: 
Ressurssenteret har tre rom tilgjengeleg for overnatting under Landsfestivalen. Alle romma ligg i øverste etasje i bygget med inngang frå søraust. 

Rom 1: Plass til 15 personar
Rom 2: Plass til 15 personar
Rom 3: Plass til 10 personar

Overnattande må sjølv ta med madrass, sovepose, sengklær og handklær. 

Toalett/dusj: 
Det er toalett tilgjengeleg i lokala. 
Dusj er tilgjengeleg på Myra kulturbygg (nabobygget) og i Vestneshallen til angitte tider (sjå oppslag).

Pris for overnatting
Overnatting fra 31. juli til 4. august er kr 1000,- per person.

Måltid
Frukost er ikkje inkludert.
Dei overnattande får tilgang til tekjøkken. 

Overnattande pliktar: 
Hald orden på rom og fellesareal. 
Meld frå til Landsfestivalen dersom ein skulle vere uheldig å ødelegge noko. 
Alle som overnatter plikter å vise omsyn til andre. Sjå oppslag om stilletid.
Det er ikkje tillatte med dyr eller røyking inne i lokala. 

Vasking
Vasking etter endt leige er inkludert i prisen.

Parkering
Begrensa plass til parkering, meld frå om parkeringsbehov ved booking

Vakthald
Landsfestivalen har vakttelefon dag og natt. 

Adresse
Myra 21, 6390 Vestnes

Korleis komme seg til arenaen
Det er ein kort spasertur mellom Vestnes ressurssenter og hovudarenaen. 

Ved ankomst
Tilreisande sjekker inn hos Landsfestivalen for registrering og for informasjon. 
Følg skilting til innsjekk ved ankomst Vestnes, eller sjå kartet som de finn her


Her kan de lese kjøpsvilkåra for Landsfestivalen 2024


1 billett = 1 plass på klasserom. 
Kjøper du fleire plassar må du oppgje namn på alle som skal bu på klasserommet. 
Ønskjer du å dele klasserom med nokon særskilde kan du skrive det i kommentarfeltet. 

Prisen gjeld for overnatting heile perioda frå 31. juli til 4. august

Tysdag 2024-06-18