Landsfestivalen i gammaldansmusikk er eit av dei tre årlege hovedarrangementa til FolkOrg.

Den fyrste Landsfestivalen vart arrangert i Førde i 1986, og har sidan vorte arrangert kvart år. I tillegg til tevling er det dansespel og sosialt samvære som er i hovedfokus dei fem dagane Landsfestivalen varar. Det kjem om lag 3000 besøkjande og det deltek omlag 1000 personar i tevlingane. Det vert tevla i omlag 15 ulike klasser - solistar, grupper, spelemannslag og dansarar.

Lokal arrangør er VÅGÅ TREKKSPELKLUBB I 2026
Det er eit lokallag som saman med administrasjonen i FolkOrg arrangerar Landsfestivalen, kvart år tek eit av dei mange dyktige lokallaga på seg oppgåva å inviterer heile Noreg til festival. I 2023 er det Indre Sunnfjord spelemannslag som har teke på seg ansvaret for å gjennomføre Landsfestivalen i gammaldansmusikk.

> Her kan du sjå kven som er i hovudkomiteen for Landsfestivalen I Vågå

> Her kan du sjå kvar det har vore arrangert Landsfestival tidlegare

> Her kan du sjå resultatlister frå tidlegare Landsfestivalar

> Her kan du følgje Landsfestivalen på facebook


Alle er velkommen som medlem i FolkOrg

Satsane for medlemsskap i FolkOrg er:
– Barn kr. 100,-
– Ungdom (18 – t.o.m. 25 år) kr. 200,-
– Vaksne kr. 400,-

Pluss eventuell kontingent til områdelag og/eller lokallag.
 

Nokre av medlemsfordelane:

  • Rett til å delta på tevlingane
  • Rabatt på gjennomgangsbillettar til Landsfestivalen, Landskappleiken og Folkelarm.
  • Bladet Folkemusikk til ein svært god pris
  • Tilgang til ei svært god bunads- og instrumentforsikring gjennom if

Samt fleire andre fordelar som du ser her

Tips: Meld deg inn før du kjøper gjennomgangsbilletten og spar pengar.

Meld deg inn i FolkOrg her