Velkommen til Landsfestival på Vestnes 31. juli - 4. august. Hovudarenaen blir Vestneshallen ved Helland skule. Påmeldingstida gjekk ut 9. juli. 

Medlemskap i FolkOrg
Alle som deltek på Landskappleiken må vere medlem i FolkOrg. Les meir her: medlemskap i FolkOrg eller send ein e-post til jorun@folkorg.no så vil ho hjelpe deg. Vi oppmodar alle deltakarane om å lesa tevlingsreglementet for den/dei klassene dei skal delta i: Tevlingsreglement

Leitar du etter medlemsnummeret ditt? Då kan du gjere følgande:
- Ta ein kikk på medlemsfakturaen
- Last ned Gnist-appen
- Be styret i lokallaget ditt om å sjekke medlemsnummeret i Styreweb
- Ta kontakt med Sina Myhr i FolkOrg: sina@folkorg.no

Tevlingsplan
Den førebelse tevlingsplanen finn du her: Tevlingsplan 2024

Spørsmål og hjelp
Ved spørsmål i høve påmeldingssystem, tevlingsreglement m.m., ta kontakt med FolkOrg v/ Sina Myhr:
Mob: + 47 95 44 25 92
e-post: sina@folkorg.no

Overnatting
Har du ikkje fått tak i overnatting enda? Vestnes har eit variert overnattingstilbod, med camping, klasserom, privat utleige og anna type overnatting. Her finn du oversikt over dei ulike tilboda og kontaktinformasjon til overnattingsansvarleg: Overnatting 2024

Meld deg som frivillig!
Landskappleiken er eit stort arrangement med behov for mange frivillige. Meld deg på og bli med på den sosiale og morosame dugnaden! Frivillig 2024

 

Under finn du oversikt over påmeldingsfristar og prisar. 
Påmeldingsavgift 24. mai t.o.m. 18. juni
Junior:
200 kr for fyrste påmelding
 50 kr for andre påmelding
   0 kr per påmelding vidare

Senior:
350 kr for fyrste påmelding
200 kr per andre påmelding 
   0 kr per påmelding vidare

Påmeldingsavgift 19. juni i t.o.m. absolutt siste frist 9. juli.
Junior:
300 kr for fyrste påmelding
150 kr for andre påmelding
   0 kr per påmelding vidare

Senior:
450 kr for fyrste påmelding
300 kr for andre påmelding
   0 kr per påmelding vidare

Obs: Betaling via faktura er tiltenkt grupper og lag, ikkje enkeltpersonar eller par.