Landsfestivalen i gammaldansmusikk er eit nasjonal arrangement og består av tevlingar i ulike klassar innan dans og spel/vokal som høyrer til sjangeren gammaldans.
Rekordpåmelding på årets festival!
Det er heile 987 unike deltakarar i år, det er 126 fleire deltakarar enn rekordåret på Oppdal i 2025.
Sidan det er rekordstor påmelding på årets landsfestival så vert det ingen etterpåmeldingar på nye startnr i år, dette gjeld for både juniorar og seniorar. Men du kan fortsatt melde deg på i grupper og lag som allereie har meldt seg på.
Startlister og oppdatert tevlingsplan
Det tek noko tid før startlistene er klare til publisering då det vert ein stor kabal mht tevlingsplanen og den store deltakinga. De vil få sjå listene på nettsida i løpet av juni, vi kjem attende med meir nøyaktig tidspunkt.
Klikk her for å komme til påmeldingssida for tevling
Merk at du må velge Landsfestivalen i gammaldansmusikk som tevling, det ligg ute andre tevlingar og.
NB! Du kan kun melde deg på i allerede påmelte grupper og lag.
Du må vere medlem i FolkOrg for å kunne delta på tevlingane på Landfestivalen.
Vil du sjekke om du er medlem og finne fram til medlemsnummeret før du melder deg på, kan du sende sms med kodeord FolkOrg til 1950, så får du opp kva medlemsnr som er registrert på ditt telefon nr.
Les meir om medlemskap i FolkOrg her
Påmeldingsavgift for alle etterpåmeldte som ikkje har vore påmelt tidlegare
Junior: 300 kr for fyrste påmelding. 150 kr for andre påmelding
Senior: 500 kr for fyrste påmelding. 250 kr for andre påmelding
Det er gratis påmelding frå og med fjerde deltaking.
Tevlingsreglement
Vi oppmodar alle deltakarane om å lese tevlingsreglementet for den/dei klassane dei skal delta i. Nytt for året er at i lagdans skal laga danse to ulike dansar og kan velje to av desse fire dansane: pols/masurka, reinlender, vals og polka. Sjå meir om tevlingsreglementet på nettsida til FolkOrg (lenke)
Alle som deltek på Landsfestivalen må vere medlem i FolkOrg. Dette kostar kr 400 for vaksne, ungdom (18 - t.o.m. 26 år) kr 200 og kr 100 for born/ungdom under 18 år. Les meir om medlemskap i FolkOrg her (lenke) Er du i tvil om du er medlem så kan du sende sms med kodeord FolkOrg til 1950 og å tilsendt dei medlemskapa som er registrert på ditt telefon nr. (gratis tjeneste).
Ved spørsmål i høve påmeldingssystemet, tevlingsreglement m.m., ta kontakt med FolkOrg
Ingeborg Ulberg Sommer
Rådgjevar
Mob: +47 452 58 237
e-post: ingeborg@folkorg.no
Kontaktinformasjon til arrangørane
Her finn du oversikt over kven som er med i hovedkomiteen for Landsfestivalen.

