Dans frå morgon til kveld!
Landsfestivalen i gammaldansmusikk = dans frå morgon til kveld! I tillegg til rekordstor påmelding til tevlingane er det rekord i antall påmeldte grupper og lag til dansespel og miljøspel! Tusen takk til alle som har meldt seg på! 

Dansespel på Landsfestivalen er dugnadsspeling
Det er ikkje noko reduksjon i prisen på dagsbillett/gjennomgangsbillett for dei som skal spele til dans. Alle som deltek i tevling på Landsfestivalen betalar for å delta, og mange av desse spelar og til dans. Det vert difor rettferdig og likt for alle at dei som ikkje deltek i tevling, men ønskjer å spele til dans, betalar for inngang til festivalen. 

KONTAKTPERSON for dansespel og miljøspel:
Vegard Hansen
dansespelLF2026@landsfestivalen.no
Tlf: 47245904


Tusen takk til alle som har meldt seg på til dansespel under Landsfestivalen!

Heile Landsfestivalen er eit stort dugnadsprosjekt, der alle bidreg med ei viktig rolle – anten som spelemenn, dansarar eller publikum. Alle er med på å skape den gode festivalopplevinga, og alle er viktige for at Landsfestivalen skal bli vellukka.

For å dekkje kostnadene knytte til rammene rundt spel og dans – som husleige, lydutstyr og lydteknikarar, dansegolv, leige av telt og utstyr til servering, blomar på scenekanten og mykje anna – er vi avhengige av at alle som deltek på arrangementet, både publikum og utøvarar, betaler for deltakinga.

Er du påmeld til dansespel, bidreg du ved å løyse vanleg inngangsbillett, det er ikkje noko reduksjon i prisen på dagsbillett/gjennomgangsbillett for dei som skal spele til dans. Er du deltakar i tevling, har du allereie bidrege gjennom påmeldingsavgifta, og du treng derfor ikkje betale ekstra for å delta på dansespelet. Slik vert det og rettferdig, då alle betalar på ein eller annan måte. 

Tusen takk for at du er med og gjer Landsfestivalen mogleg!