Leif Inge Schjølberg (fele) og Dag Gården (trekkspel) er godt forankra i folkemusikktradisjonen i Ottadalen, og begge har om lag 50 års fartstid som spelemenn.
Leif Inge har i ei årrekkje vore aktiv som dansespelemann, særleg gjennom samarbeid med Visdals kvintett. Han har oppnådd gode resultat ved Landskappleiken og Landsfestivalen, og har medverka på fleire plateinnspelingar.
Begge vaks opp i heimar med rik folkemusikktradisjon. Dag har, i tillegg til ei omfattande utøvande verksemd innan folkemusikk, klassisk utdanning frå Noregs musikkhøgskule. Han har òg delteke på ei rekkje plateinnspelingar.
Dag har vore særleg oppteken av å arrangere folkemusikk for fele og trekkspel, noko som kjem tydeleg fram i denne produksjonen.
Her spelar Leif Inge og Dag slåttar etter sentrale tradisjonsberarar frå Ottadalen, mellom andre Kristen Vang (1902–1979), Rikkar Skjelkvåle (1890–1976), Petter Eide (1911–1994), Pål Skogum (1921–1979) og Kristian Gården (1924–2017).
I tillegg framfører dei eigenkomponert materiale i tradisjonell stil.
Plata har fått tittelen «Ettsleppen», og gis ut på plateselskapet Melovitten.

