Alle medlemmane i Skultbakkalaget har i ungdomen fått opplæring av dei fremste tradisjonsmusikarane av i dag. Blant dei er Jan Visdal og Geir Marius Thorud, begge
Ola Kampen (1862-1944) som Skultbakkalaget etter kvart fekk ein forkjærleik for. Seinare har gruppa tileigna seg repertoar frå andre kjelder, mellom anna både gamle og nye opptak på arkivet i Vågå.
Skultbakkalaget har vunne orkesterklassa på den årlege Storefjelltreffen to gongar.
Dei som er med:
Jørn Kjetil Solbakken - durspel
Rikard Odnes - trekkspel
Jon Sverre Sætrom Thoresen - trekkspel
Simen Midtli Grindstuen - kontrabass
Aleksander Ødegård - gitar
Plata «Læt te dans» lanserast som CD fredag 31. juli på plateselskapet Melovitten.

