Rekordstor påmelding på årets tevling!
Det er gledeleg at det er rekord i påmelding i år igjen, dette tyder på ei auka interesse for gamalddansen! 
På grunn av den store deltakinga vert to tevlingar fløtt til kulturhuset, dette er lagdansen og pardansen som vil gå litt parallellt med trekkspel senior og gruppespel, sjå derfor ekstra på om deltakingane i desse klassane vil kollidere. 

Her ser du oppdatert tevlingsplan med nye klokkeslett og scener.

Trekt startrekkefølge
Startekkefølga er trekt, men vi har fløtt nokre deltakingar der vi har sett at det kolliderer. 
Har du likevel behov for å fløtte på eit startnummer kan du sende e-post med forklaring på kva som må endrast til ingeborg@folkorg.no 

Merk at det er kun naudsynte endringar vi kan gjere då dette er ein stor kabal sidan mange deltek fleire gonger og det er littegrann overlapping mellom fire klasser. 

Her er foreløpig startliste for Landsfestivalen 2026: 
https://startliste.folkorg.no/klasser/?kid=150

NB! 
Siste frist for attendemelding til FolkOrg er 30. juni kl 12.00 

Kontaktperson er 
Ingeborg Ulberg Sommer
Ingeborg@folkorg.no