Her kan de sjå den oppdaterte versjonen av tevlingsplanen for Landsfestivalen 2024. 

Påmeldinga opna fredag 24. mai og endeleg påmeldingsfrist var tysdag 9. juli.

Det er gledeleg med god påmelding til årets Landsfestival. Påmeldinga har vore særskild god i solo-klassene og dette har ført til nokon naudsynte endringar i tevlingsplanen. Dei største endringane gjeld Andre instrument og vokal senior og Super Junior som er flytta frå torsdag til laurdag. Pardans senior er flytta frå fredag kl 14 til fredag kl 20.

Vi prøvar alltid å unngå å byte dag på tevlingane tett innpå arrangementet. Denne gongen var det dessverre ikkje mogleg å gjennomføre alle dei planlagde tevlingane på torsdag, med omsyn til både dommarar og deltakarar. Vi håpar at endringane ikkje lagar vanskar for deltakarane. 

Tevlingsplanen for Landsfestivalen 2024
Alle tevlinger er i Vestneshallen
NB: Vi tek atterhald om at det kan bli forskyvningar og endringar i klokkeslett, møt opp i god tid. 

Torsdag
09.30 - 12.30: Durspel senior
12.30 - 14.30: Trekkspel senior
14.30 - 17.30: Fele/hardingfele senior
17.30 - 20.30: Samspel senior
20.30 - 00.30: Finaler (i følgande rekkefølge): Durspel senior, Trekkspel senior og Fele/hardingfele senior

Fredag
09.30 - 14.30: Lagspel fele/hardingfele
14.30 - 17.30: Lagspel durspel/trekkspel
20.00 - 21.30: Pardans
21.30 - 00.30: Finaler (i følgande rekkefølge): Samspel senior, Lagspel fele/hardingfele

Lørdag
10.00 - 15.45: Gruppespel
15.45 - 16.45: Andre instrument og vokal senior
16.45 - 17.45: Super junior
19.00 - 20.00: Lagdans
20.00 - 01.00: Finaler (i følgande rekkefølge): Pardans, Andre instrument og vokal senior, Super junior, Lagspel durspel/trekkspel, Gruppespel

Endringar i tevlingsreglementet
Tevlingane startar torsdag formiddag. Det har blitt vedtatt nokon endringar i tevlingsreglementet sidan i fjor. Mellom anna har trekkspel fått ei eiga klasse, og det er oppretta ei klasse for andre instrument og vokal. Super Junior skal ikkje lenger konkurrere på tvers av klassene, men får ei felles finale. Les meir om endringane her: Endringar i tevlingsreglementet

Tevlingsansvarleg:
Anna Gjendem
anna@landsfestivalen.no
Tlf. 47 40 93 02  



Startlista er klar:
Du kan sjå oppdatert startliste her
 

Vi treng fleire frivillige, kanskje du kan ta ei vakt? 
Les meir og meld deg på her