Seksuell trakassering, diskriminering og maktmisbruk strir mot FolkOrg sine verdiar. FolkOrg er ein open organisasjon der deltaking på tvers av mellom anna kjønn, generasjonar og ulike identitetar er noko ein ser på som verdifullt, og som er viktig å ta vare på. FolkOrg ynskjer å ha trygge miljø og ein trygg atmosfære for både barn, unge og vaksne. Vi skal alle respektera det personlege rommet til andre og ikkje overskrida grensene for akseptabel åtferd.
Å skipa møtestader for samvær på tvers av generasjonar er noko av det FolkOrg har som sine oppgåver. FolkOrg forvaltar både Landskappleiken, Landsfestivalen i gammaldansmusikk og Folkelarm, og desse tre er av dei største møtepunkta i folkemusikkmiljøet. Difor er det viktig at alle som kjem på desse arrangementa veit at det er trygt og inkluderande miljø her.
Vi vonar at alle som kjem ter seg etter retningslinene, og er med å skapar eit flott og stemningsfullt arrangement.
Retningslinene for trygt sosialt miljø finn du her (lenke)
Utdrag frå retningslinene:
Formålet med retningslinjene er å verna alle i miljøet mot trakassering. Reglane er ikkje meinte for å regulera det som er ønskt frå begge partar og ikkje rammar andre i miljøet.
- Me behandlar alle med respekt, og avstår frå alle former for kommunikasjon, handling eller behandling som kan opplevast som krenkjande.
- Me er klar over maktforhold og risikofaktorar for maktmisbruk. Me er kjende med kva som kan utgjera seksuell trakassering og diskriminering, og unngår å trakka over grensene til andre.
- Me er klar over rolleforståing, makt og grenser når me omgåst andre. Den enkelte må utvisa varsemd for ikkje å misbruka den makta og respekten ein rår over. Til dømes ved å utnytta sin posisjon for å oppnå seksuelle forhold som ikkje er basert på gjensidig ønske eller forståing.
- Me viser respekt for andre medlemmer, utøvarars, kursdeltakarar og leiarars/privatlivet til instruktøren.
- Me er klar over korleis spøk, humor og komplimentar kan oppfattast ulikt og er varsame med å bruka kallenamn på andre, og med å kommentera utsjånaden til andre.
- Gruppebaserte skjellsord skal ikkje brukast.
- Me unngår å tilleggja folk eigenskapar på grunn av kjønn, kjønnsuttrykk, seksuell orientering, funksjonsevne, hudfarge, alder, kulturell og religiøs tilhøyrsel.
- Me har eit medvite forhold til inntak av alkohol, særleg i settingar der barn og unge er til stades.
- Ein skal gripa inn og varsla dersom ein opplever brot på desse retningslinjene.
- Apparatet omkring verksemda (instruktørar, leiarar, tillitsvalde, styremedlemmer, foreldre mfl.) har hovudansvar for at retningslinjene blir gjorde kjent og blir overhaldne i all aktivitet i FolkOrg sine lag, kurs, festivalar, og andre arrangement.
FolkOrg sine varslingsrutiner finn du her (lenke)
Kven kan sende varsel til FolkOrg
- Personar som sjølve opplever seksuell trakassering, diskriminering, maktmisbruk eller anna brot på FolkOrg sine retningsliner, på eit arrangement eller i eit miljø knytt til FolkOrg.
- Personar som opplever at andre, eller mistenker at andre blir utsett for seksuell trakassering, diskriminering, maktmisbruk, eller anna brot på FolkOrg sine retningsliner, på eit arrangement eller i eit miljø knytt til FolkOrg.
- Ein treng ikkje vere medlem i FolkOrg for å for å varsle.
Foto: Sosialt samvær på tvers av generasjonar.
Fotograf: Kine Rosnes Hansen