Åpningskonsert med Kviven Duo, Honndalstausene og Skram/Bjørdal

Etter at soloklassane er gjennomførte inviterar vi til ein flott åpningskonsert i Vestnes kyrkje med utøvarar frå Møre og Romsdal. Det vil også bli helsingar frå Møre og Romsdal Fylkeskommune, Vestnes kommune og FolkOrg.

Kviven Duo
Kviven duo er Jorun Marie Kvernberg og Britt Pernille Frøholm, to av dei fremste felespelarane på Vestlandet, med mykje fart og glede i strøka! Når dei slår saman sine musikalske krefter byr dei på eit knallsterkt slåttemateriale. Ingrediensane er dansemusikk frå gamal tid, gode historier og ei sterk formidlingsvilje. Med djervskap og tæl får både springdansar, wienervalsar og salmetonar ein eigen nerve i spelefingrane til spelekvinnene frå Hornindal og Fræna/Volda. Duoen er aktuell med sitt andre album; «Nordlysets døtre».

Kvernberg ættar til folkemusikkslekta Rypdal frå Tresfjord/Vestnes, og har etablert seg både som ein ettertrakta komponist og musikar, som solist og i grupper som m.a. Majorstuen og i samspel med musikarar som Øyvind Sandum, Gabriel Fliflet, Berit Opheim m.fl. 

Britt Pernille Frøholm frå Hornindal i Nordfjord har med sin solide ståstad i tradisjonen gitt ut ei rekkje soloalbum som har fått stor merksemd. I tillegg har ho utforska hardingfela i både samtidsmusikk og improvisasjonsmusikk. Ho er for tida tilsett som distriktsmusikar i Sunnfjord kommune.

Honndalstausene
På 80-talet kom Honndalstausene inn som eit friskt pust på folkemusikkscenene, med siger på Landsfestivalen og nominasjon til Spelemannsprisen. Av andre merittar kan vi nevne at dei har fått fylkeskulturpris, turnert i inn- og utland, blitt innlemma i Trekkspillet og Gammeldansens Hall of Fame i Selbu - og skal altså no spele under Åpningskonserten i Vestnes kyrkje.

Sjølv om dei no bur på ulike stader i landet har dei halde fram med å spele musikken frå heimplassen sin, og vi får høyre slåttemusikk frå Nordvestlandet

Gunnhild Sindre - hardingfele
Torunn Raftevold Rue - hardingfele
Bente Storbakken - hardingfele
Gunn Sølvi Gausemel - hardingfele
Synnøve Hjellbakk Hole - hardingfele
Marianne Tomasgård
Kristina Farstad Bjørdal - trekkspel
Reidar Dahle - gitar
Jon Sverre Sætrom Thoresen - kontrabass

Skram/Bjørdal
Britt Elise Skram (fele) og Kristina Farstad Bjørdal (trekkspel) har starta eit samarbeid der dei leitar fram slåttar frå Møre og Romsdal og presenterer dei med eit frisk samspel. Dei har spelt fleire konsertar ilag, og legg vekt på gode arrangement og formidling av også historiene bak slåttane. Duoen er lokalisert i Vestnes og Skodje, og under konserten vil dei spele musikk som er ekstra lokal. 

Dei er også leiar og nestleiar av hovednemnda for årets Landsfestival.

VELKOMMEN PÅ KONSERT! 

 

Billettpris:
Vaksen kr 200.-
Born under 15 år kr 100.-

Tysdag 2024-05-07