Endringar i tevlingsreglementet for Landsfestivalen

  • Ein kan delta fleire gonger med same instrument i alle samspelklassane
  • Det skal vere fast seks finalistar i lagspel fele/hardingfele og gruppespel
  • I dei andre klassane blir tal finalistar bestemt ut frå tal startnummer, slik som tidlegare
  • Alle finalistane i pardans blir rangert, medan dei resterande deltakarane blir sette opp i alfabetisk rekkefølgje
  • Ein kan delta fleire gonger i lagdans
  • Open klasse blir tatt vekk frå Landsfestivalen
  • Det blir oppretta ei ny klasse for duoar og trioar: Samspel sr. Finalereglane som gjeld for alle klassane, utanom gruppespel og lagspel fele/hardingfele, gjeld også for samspel sr.
  • Gruppespel skal ha minimum fire deltakarar per startnummer. Det er ingen endringar i vedtektene elles med tanke på instrumentsamansetning

Her kan du lese heile tevlingsreglementet som gjeld for Landsfestivalen i gammalddansmusikk