Bestilling av plass på festivalcamping 

Dei campingplassane som er sett opp er alle fulltegna. 
Men fortvil ikkje, vi jobbar med å finne plass til alle som ønskjer å bu i vogn eller bubil.  

Alle som bestiller seg plass på festivalcamping gjennom Landsfestivalen må forhalde seg til våre vilkår, som du kan lese her. 

Ta kontakt med John Trygve, som er ansvarleg for festivalcampingen slik at vi kan notere kva behov de har for plass.
 
John Trygve Villa
Telefon: + 47 90 75 68 01
E-post: villa@xi.no

For teltplass kan ein bestille seg plass her (lenke)

Overnatting på klasserom Vestheim Ungdomssenter kan du bestiller her (lenke)

Overnatting på klasserom Vestnes ressurssenter (like ved) kan du bestille her (lenke)

Overnatting på Trohaugen Tomrefjord kan du bestiller her (lenke)

Overnatting på Gjermundnes internat kan du bestiller her (lenke)

Gruppe for privat overnatting på Facebook finn du her



Kart over Vestnes (googlekart over)
Om du klikkar på kartet ser du kvar dei ulike plassae er i forhald til arena og sentrum. 
Du kan og så oversiktskart nederst på denne sida. 
 

Oversikt over festivalcampingplassane

Oversiktskart for festivalcampingen på Landsfestivalen 2024

Fem områder
Campingen har fem områder du kan velge mellom. Kvart område har unike plassar som kan kjøpast kun 1 gong. Du vel sjølv kva plass du vil ha når du klikkar deg inn i bestillinga, dette biletet er for å syne deg kvar områda ligg i forhald til kvarandre. Om du kikkar på googlekartet øverst eller illustrasjonskartet nederst ser du områda markert i Vestnes sentrum. Alt ligg ganske tett på arenaen som de ser. MERK: skal du bestille fleire plassar samstundes får du lov å kjøpe i tall-rekkefølge, du får ikkje kjøpt plassar i ein firkant eller på rekke som ikkje har tall etterkvarandre. Om du vil ha plassar som ikkje er etterkvarandre (1, 2, 3, 4) må du kjøpe i fleire omgonger. 

Om campingplass A
Rett ved Vestneshallen. Kvar plass er 8X8 meter. 
Dusjmulighet i Vestneshallen eller Myra kulturbygg etter oppsette tider.

Om campingplass B
Ca 500 meter frå Vestneshallen, kort veg til turstiar langs Kråkvika. Kvar plass er 8X8 meter. 
Dusjmulighet i Vestneshallen eller Myra kulturbygg etter oppsette tider. 
 
Om campingplass C - Bubil
Ca 750 meter frå Vestneshallen, nær Vestnes sentrum.
Vestnes bobiloppstillingsplass, kun plass til bubil.
Dusjmulighet i Myra kulturbygg etter oppsette tider. 
 
Om campingplass D - Bubil
Ca 550 meter frå Vestneshallen, nær Vestnes sentrum.
Vestnes småbåtforening, kun plass til bubil.
Toalett og dusj i sanitærbygg
 
Om campingplass E
Ca 600 meter frå Vestneshallen, nær Vestnes sentrum. Kvar plass er 8X8 meter. 
Toalett og dusj i sanitærbygg ved Vestnes Småbåtforening (rett ved).
 

Gjeld for alle plassane: 
Straum inkludert
Vatn tilgjengeleg
Festivaltoalett
Tømmestasjon ved Vestnes Småbåtforening, mot avgift kr 50.- (Betalast der)


Bestilling og betaling av plassar på festivalcampingen
Du vel sjølv kva plass/plassar/billetter du ønskjer å kjøpe. Betaling når du bestiller, du kan velje mellom vipps eller kortbetaling.  

Når du kjem til Landsfestivalen vil du bli vist til din plass, det er ikkje anledning til å velge anna plass når du kjem enn den du har bestilt.  
Når du bestiller deg plass på festivalcampingen eller anna overnatting gjennom Landsfestivalen godkjenner du våre kjøpsvilkår.

Aldersgrense
Aldersgrense for bestilling av campingvongplass/bubilplass er 18 år
Det skal vera ein person over 18 år tilknytt kvar campingvognplass/bubilplass som har ansvaret for vogn/bubil/bil.

Parkering
Det kan parkere ein bil per campingplass på A, B og E
Bilar som ikkje er tilknytt ein plass har ikkje tilgang til campingplassen. 
NB! På campingplass C og D er det kun plass til ein bubil per plass, ingen ekstra bilar. 

Opningstider og innsjekk
Kappleikscampingen opnar tirsdag kl 1800 og stenger søndag kl 1600 
Det vert oppsett eige registreringsområde for festivalcampingen, dette vert informert om og skilta godt. 

Sikkerheit på campingen
Festivalcampingen har vakt heile døgnet. Ikkje nøl med å seie ifrå om du har sett eller opplevd noko som ikkje høyrer heime på campingen til Landsfestivalen. 

  • Sjekk at brannutstyr, gassvarslar og røykvarslar er i orden før du kjem.
  • Det er ikkje lov å grille/bruke open eld på festivalcampingen.
  • Brannsløkkingsutstyret er markert med vimpel og plassert med ca. 50 meter avstand. 

Avbestilling av plassar
Frist for avbestilling er 14 dager før Landskappleiken tek til. Avbestilling etter dette krev legeerklæring for rett til tilbakebetaling.

Kontaktperson for Innkvartering
Hanne Salthammer
Tlf: 95 22 06 38 
E-post: hanne@landsfestivalen.no

Kontaktperson for festivalcampingen 
John Trygve Villa
Telefon: + 47 90 75 68 01
E-post: villa@xi.no


Bestilling av plass på festivalcamping

Dei campingplassane som er sett opp, er alle fulltegna. Men fortvil ikkje, vi jobbar med å finne plass til alle som ønskjer å bu i vogn eller bubil. 

Ta direkte kontakt med ansvarleg for festivalcampingen slik at vi kan notere kva behov de har for plass. 
John Trygve Villa
Telefon: + 47 90 75 68 01
E-post: villa@xi.no


 

campingoversikt Vestnes 2024