Landsfestivalen i gammaldansmusikk er eit nasjonal arrangement og består av tevlingar i ulike klassar innan dans og spel/vokal som høyrer til sjangeren gammaldans.

No er det ope for påmelding til Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2026
Merk at du må velge Landsfestivalen i gammaldansmusikk som tevling, det ligg ute andre tevlingar og. 
Klikk her for å komme til påmeldingssida for tevling

Slik ser det ut der du skal klikke på for å melde deg på, sikre deg at du melder deg på rett arrangement. 

Påmelding_Tevling_2026

Du må vere medlem i FolkOrg for å kunne delta på tevlingane på Landfestivalen. 
Vil du sjekke om du er medlem og finne fram til medlemsnummeret før du melder deg på, kan du sende sms med kodeord FolkOrg til 1950, så får du opp kva medlemsnr som er registrert på ditt telefon nr. 
Les meir om medlemskap i FolkOrg her

Loddtrekning om billett til fredagskonserten “Heilt Øre!”
Er du av dei første 50 som melder deg på til tevling kan du verta den heldige vinnar av gratis billett til fredagskonserten vår “Heilt Øre”! 

Kompakt arena
Med Vågåhallen som kompakt tevlingsarena ligg alt til rette for en fin festival. I tillegg til tevlingane, byr vi på eit rikt kulturtilbod for alle aldersgrupper med godt fokus på born og ungdom, meir informasjon om dette kjem snarleg på nettsida og vert og delt i sosiale medier. 

Påmeldingsavgift
Det vert gradert påmeldingsavgift for festivalen, slik det har vore dei førre åra. 
Påmeldinga opner mondag 20. april og den endelege påmeldingsfristen er onsdag 3. juni.
All påmeldingsavgift går til lokal arrangør Vågå trekkspelklubb. 

Påmeldingsavgift 20. april t.o.m. 19. mai:
Junior: 200 kr for fyrste påmelding. 100 kr for andre påmelding
Senior: 400 kr for fyrste påmelding. 200 kr per andre påmelding

Påmeldingsavgift 20. mai i t.o.m. absolutt siste frist 3. juni:
Junior: 300 kr for fyrste påmelding. 150 kr for andre påmelding
Senior: 500 kr for fyrste påmelding. 250 kr for andre påmelding

Det er gratis påmelding frå og med fjerde deltaking.

Vi oppmodar alle deltakarane om å lese tevlingsreglementet for den/dei klassane dei skal delta i. Nytt for året er at i lagdans skal laga danse to ulike dansar og kan velje to av desse fire dansane: pols/masurka, reinlender, vals og polka. Sjå meir om tevlingsreglementet på nettsida til FolkOrg (lenke)

Alle som deltek på Landsfestivalen må vere medlem i FolkOrg. Dette kostar kr 400 for vaksne, ungdom (18 - t.o.m. 26 år) kr 200 og kr 100 for born/ungdom under 18 år. Les meir om medlemskap i FolkOrg her (lenke) Er du i tvil om du er medlem så kan du sende sms med kodeord FolkOrg til 1950 og å tilsendt dei medlemskapa som er registrert på ditt telefon nr. (gratis tjeneste).

Ved spørsmål i høve påmeldingssystemet, tevlingsreglement m.m., ta kontakt med FolkOrg
Ingeborg Ulberg Sommer
Rådgjevar
Mob: +47 452 58 237
e-post: ingeborg@folkorg.no

Påmelding til dansespel
Ønskjer du/de å delta med dansespel til Landsfestivalen vert det eige påmeldingsskjema for dette som opnar i løpet av april her på nettsida. Dette vert og kunngjort i sosiale medier. 

Treng du ein plass å overnatte? 
Det er mange ledige plassar for bubil/campingvogn og telt på festivalcampingen. Vi har og ledige plassar i klasserom. Ønskjer du å søkje etter privat overnatting kan du klikke deg inn i facebook-gruppa for privat overnatting som du finn her

Kontaktinformasjon til arrangørane
Her finn du oversikt over kven som er med i hovedkomiteen for Landsfestivalen. 

Ønskjer du å delta som frivillig? 
Det er alltid behov for frivillige på Landsfestivalen, ønskjer du å registrere deg som frivillig kan du gjer det ved å fylle ut skjema som du finn på denne sida her