Dans frå morgon til kveld!
Landsfestivalen i gammaldansmusikk = dans frå morgon til kveld! I tillegg til rekordstor påmelding til tevlingane er det rekord i antall påmeldte grupper og lag til dansespel og miljøspel! Tusen takk til alle som har meldt seg på! 

I Hallen er det finalar i starten av dansespel-tidene som er sett opp her og laurdag vert det dansespel etter finala dersom det vert tid til det. 

MERK: at det kan verta endringar i dansespeltidene. 

KONTAKTPERSON for dansespel og miljøspel:
Vegard Hansen
dansespelLF2026@landsfestivalen.no
Tlf: 47245904
 

Billettar til dans på Landsfestivalen
For å vere med på dansefestane på Landsfestivalen kjøper du deg dagsbillett eller gjennomgangsbillett til festivalen. Det er ikkje eigen kveldsbillett, billetten gjeld heile dagen for tevlingar, finalar og dansespel. 
Les meir om billettar her
 

Tusen takk til alle som har meldt seg på til dansespel under Landsfestivalen!

Heile Landsfestivalen er eit stort dugnadsprosjekt, der alle bidreg med ei viktig rolle – anten som spelemenn, dansarar eller publikum. Alle er med på å skape den gode festivalopplevinga, og alle er viktige for at Landsfestivalen skal bli vellukka.

For å dekkje kostnadene knytte til rammene rundt spel og dans – som husleige, lydutstyr og lydteknikarar, dansegolv, leige av telt og utstyr til servering, blomar på scenekanten og mykje anna – er vi avhengige av at alle som deltek på arrangementet, både publikum og utøvarar, betaler for deltakinga.

Er du påmeld til dansespel, bidreg du ved å løyse vanleg inngangsbillett, det er ikkje noko reduksjon i prisen på dagsbillett/gjennomgangsbillett. Er du deltakar i tevling, har du allereie bidrege gjennom påmeldingsavgifta, og du treng derfor ikkje betale ekstra for å delta på dansespelet. Slik vert det og rettferdig, då alle betalar på ein eller annan måte. 

Tusen takk for at du er med og gjer Landsfestivalen mogleg!


PROGRAMSIDE
Her ser du alle programpostane og kan sortere mellom kultur, tevling og dans: 
Klikk her for å komme til programsida

STARTLISTER
Sjå alle startlister her

DANSESPEL
Sjå oversikt over dansespel her

BORNAS LANDSFESTIVAL
Sjå oversikt over bornas landsfestival her