Stønadsordning i 2024
Dette er ei ordning som gjev støtte til lokallaga slik at dei kan dekke påmeldinga for juniorar og C-klassingar på Landskappleiken og Landsfestivalen, samt at lokallaget kan bidra med å dekke reiseutgifter/overnattingsutgifter for deltakande juniorar i samband med arrangementa. 

Målsetting
Målet med ordninga er å senke terskelen for deltaking på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk for juniorar og C-klassingar. 

Vilkår
I og med at Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk er på ulike plassar i landet, er det litt ulike vilkår.

LANDSKAPPLEIKEN 2024

  • Lokallaga i FolkOrg kan få støtte til å dekke éi påmelding per C-klassing. Lokallaget kan i tillegg få støtte til vere med å dekke reiseutgifter. 
  • Lokallaga kan totalt få inntil 1000 kr per C-klassing for å dekke deltakaravgift og bidra til å dekke reiseutgifter. 
  • Er bustadsadresse i eller nord for gamle Nord-Trøndelag, kan laget få dekt opp til 2000 kr per deltakande C-klassing. 

LANDSFESTIVALEN I GAMMALDANSMUSIKK 2024

  • Lokallag i FolkOrg kan få støtte til å dekke éi påmelding per person som stiller som junior. Lokallaget kan i tillegg få støtte til vere med å dekke reiseutgifter. 
  • Lokallaga kan totalt få inntil 1000 kr per junior for å dekke deltakaravgift og bidra til å dekke reiseutgifter. 
  • Er bustadsadresse i eller nord for gamle Nord-Trøndelag, i Rogaland eller i Agder, kan ein få dekt opp til 2000 kr per junior. 

Lokallaget si rolle
Eitt av premissa som kjem med denne ekstrabevillinga frå regjeringa, er at stønadsordninga skal komme lokallaga til gode i form av å senke terskelen for deltaking på kulturelle aktivitetar. Difor er det lokallaga som må søke om midlane. Vi anbefalar at det er lokallaga som melder på juniorane og søker støtte i etterkant. Det er likevel ikkje eit krav om at påmeldinga må gå gjennom lokallaget, men midlane som FolkOrg betalar ut, må vidareformidlast til enkeltpersonen via lokallaget. 

Lokallaga kan søke stønad for så mange juniorar dei ønsker. For juniorar som deltek fleire gonger på same arrangement, får lokallaget kun støtte til å betale for den første påmeldinga. Eit lokallag kan få kompensasjon for den same junioren på både Landskappleiken og Landsfestivalen. 

Korleis søke?
Utgiftene blir utbetalt på bakgrunn av innsendte søknadar frå lokallaga. I september 2024 opnar FolkOrg ein søknadsportal der lokallaga kan sende inn søknaden. Kvart lag sender inn ein søknad.  

Bakgrunn for ordninga
Kultur- og likestillingsdepartementet har komme med eit eingongstilskot til musikkorganisasjonar via Norsk Musikkråd, til inkludering i musikkaktivitetar for barn og unge. Målet er auka deltaking i musikkorganisasjonane. Tilskotet er ein ekstrainnsats for å gje alle barn og ungdom like moglegheiter til å delta, uavhengig av kven dei er, kvar dei bur, eller kva foreldra tener.