Onsdag 31. juli
Kl 19.30
Vestneshallen
Musikkminne og verbale krumspring frå radioens glansdagar
Ved Viggo Valle, Arild Hoksnes og Odd Arne Halaas
Nrk Radio har vore lydsporet til liva våre i Norge. To radioveteranar, Arild Hoksnes og Viggo Valle (Påskelabyrinten) tek med seg ein av radioens beste lyttarar, trekkspelar og songar Odd Arne Halaas på ei musikalsk reise inn i radioens musikk gjennom snart 100 år. Vi minnest dei gode melodiane og songane i alle sjangerar.
Dette vert ein fornøyeleg kveld med fin musikk og glimt i auget.
Dans etter konserten
Etter konserten blir det dans og mingling i teltet, og det er mulig å kjøpe seg grillmat.